Hausten 2010
Bokbussen kjem tysdagar i oddetalsveker 09.35 – 10.50
31/8, 14/9, 28/9
HELSESØSTER ER PÅ SKULEN:
Fylgjande tirsdagar frå kl.09.00 -12.00, hausten 2010:
7.september
5.oktober
9.november
14.desember
Fotlandsvåg skule
Fotlandsvåg skule vil vera med å utvikla gode samarbeidsformer mellom heim og skule, og skapa eit godt læringsmiljø prega av omsorg og samarbeid.
Nytt skuleår og ny grasbane! Idrettslaget har er no ferdige med å legge grasbane, og det ser skikkeleg flott ut. Elevane våre brukar bana i friminutta og i t.d. gymtimar.
Me har dessuten planar om ein stor fellesdugnad der elevar, lærarar og foreldre deltek og rustar opp utemiljøet. Dugnaden er planlagt til måndag 13.september, men me er avhengige av at FAU får på plass ein del matriell og utstyr først.
Dette skuleåret startar vi opp med leksehjelp. Elevar som går i 1. - 4. klasse har rett på inntil 2 timar/veka med gratis leksehjelp på skulen utanom undervisningstida.